Skrivesnakk

4. Marit Eikemo: Å skaffe seg rom gjennom skrivinga

October 29, 2021
Skrivesnakk
4. Marit Eikemo: Å skaffe seg rom gjennom skrivinga
Show Notes Chapter Markers

I meldingar av bøkene til Marit Eikemo, står det ofte at ho tar «samtida på kornet». Det er lett å kjenne seg att, på godt og vondt. Når Eikemo kjem med ny roman er det mange som har forventningar. Denne hausten er ho aktuell med ein roman om fellesskapet vi alle har rundt oss, av profesjonelle hjelparar som legen, banken, psykologen, snikkaren og den personlege trenaren. Det er desse som har ordet etter tur i romanen «Team Tuva», og vi får innblikk i kven Tuva er, samtidig som vi blir kjent med personane bak yrka.

Marit Eikemo har kjent på overskot i skrivinga denne gongen. Ho fortel om ubehaget ved å sleppe ei ny bok ut i verda, og korleis ho, i eit hektisk familieliv, har skaffa seg rom gjennom skrivinga. 

Bøker av Marit Eikemo:

  • Team Tuva – roman (2021)
  • Hardanger – noveller (2019)
  • Gratis og uforpliktande verdivurdering – roman (2018)
  • Alt inkludert – roman (2015)
  • Samtale ventar – roman (2011)
  • Arbeid pågår – roman (2009)
  • Samtidsruinar – essay (2008)
  • Mellom oss sagt – roman (2006) 
  • Her, no – Møte med unge menneske (1999)





Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no

Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes

Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no

Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak

Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes

Tempo: 120.0