Skrivesnakk

41. Endre Ruset: Skrivinga er ein måte å finne meining på

April 22, 2024 Sunniva Relling Berg
Skrivesnakk
41. Endre Ruset: Skrivinga er ein måte å finne meining på
Show Notes

Endre Ruset debuterte som forfattar allereie som 19-åring. Heile livet har han arbeidd med litteratur.  Etter mange år i Oslo, flytta han heim til Molde. Sjølv om han hadde mange oppdrag, kjendest det personlege livet tomt. 

Han var eit uroleg barn, og ingen trudde han skulle bli forfattar på barneskulen. Lenge var det sport som var det viktigaste, men så endra det seg. Høyr han fortelje om dikta som er det einaste heilage han har, om korleis Bjørnsonfestivalen har påverka han og opplevinga av Ålesund litteraturfestival. 

Bøker av Endre Ruset:

  • Ribbeinas vingespenn (poesi, 2001)
  • Kims lek (poesi, 2005)
  • Noriaki (boksingel, 2014)
  • Elsket og savnet (poesi, 2014)
  • Noriaki (poesi, 2017)
  • Deretter (med Harry Man, poesi 2021)

Episoden er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no

Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak

Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes