Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Podcasting since 2021 • 48 episodes
Skrivesnakk
Latest Episodes
47. Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: No skriv ho bok, om det ho i alle år har halde skjult
Lenge gjorde Ann Helen Kolås Ingebrigtsen alt ho kunne for å skjule plagene sine. Men så måtte ho amputere foten. Like etter operasjonen, byrja ho å skrive på ei ny ungdomsbok. Det har vore den lettaste ho har skrive. Tidlegare har...
•
40:59
46. Eirin Andresen Betten: Du må ha det litt artig
Eirin Andresen Betten skriv om aktuelle tema, og reflekterer rundt korleis teknologien set sitt preg på liva våre. Ho vil at litteraturen skal være engasjert, og gjerne politisk på ulike måtar.Ho jobbar fullt som lektor, frilansar for K...
•
31:49
45. Charlotte Riise: Å sette ord på ei umogleg erfaring
Då Charlotte Riise kom med si første diktsamling, i 2012, laga NRK P3 dokumentar om henne. Tittelen var «Jeg burde sprudle over» og handla om det å debutere som forfattar, i spennet mellom lykkerusen ein forventar rundt debuten og det å leve me...
•
51:45
44. Heidi Sævareid: Skriv om unntaksopplevingar
Heidi Sævareid er ein kritikarrost og prisløna forfattar, som gjerne vil kjenne på kroppen, det ho skriv om. I si nyaste bok utforskar ho eit destruktivt yogamiljø, gjennom tre vennar som er på roadtrip i USA. Ho starta karriera me...
•
52:44
43. Martin Baldysz: Romansjangeren gir fridom til å jobbe slik du vil
I sin nyaste roman, Fallgard, skriv Martin Baldysz om Ingeborg som lengtar ut forbi fallgarden. Ho står på terskelen til vaksenlivet i eit lukka øysamfunn på starten av 60-talet. Trusselen om fråflytting lurar i bakgrunnen, og i Amerika har dei...
•
22:12