Skrivesnakk

47. Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: No skriv ho bok, om det ho i alle år har halde skjult

Lenge gjorde Ann Helen Kolås Ingebrigtsen alt ho kunne for å skjule plagene sine. Men så måtte ho amputere foten. Like etter operasjonen, byrja ho å skrive på ei ny ungdomsbok. Det har vore den lettaste ho har skrive. 

Tidlegare har Ann Helen skrive ungdomsbøkene «Sinne» om Synne med ADHD og «Eg blir her» om kjærleik, ferjereiser og fråflytting. Bøkene har fått særs god mottaking. Meldingane trekkjer fram at Ann Helen klarer å skildre både ungdomsliv generelt, og jenter med ADHD spesielt, nært og truverdig. Dette er eit tema ho gjerne ville skape meir openheit om. 

I Klassekampen skreiv meldaren at: «eg er heilt sikker på at denne boka kan vere til vesentleg støtte for ungdomsskuleeleven som til liks med Synne må finna ut av eit sjølv for puberteten uvanleg galopperande kjensleliv».

Bibliografi:

  • 2020: Sinne (ungdomsroman), Det Norske Samlaget
  • 2022: Eg blir her (ungdomsroman), Det Norske Samlaget

Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no

Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak

Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes