Skrivesnakk

46. Eirin Andresen Betten: Du må ha det litt artig

Sunniva Relling Berg

Eirin Andresen Betten skriv om aktuelle tema, og reflekterer rundt korleis teknologien set sitt preg på liva våre. Ho vil at litteraturen skal være engasjert, og gjerne politisk på ulike måtar.

Ho jobbar fullt som lektor, frilansar for Klassekampen, Vinduet og Bokvennen litterær avis (BLA), og skriv bøker i tillegg. Korleis får ho tid til alt, og kva driv ho til å halde fram med bokskriving sjølv om det er så dårleg betalt? 

Denne hausten kjem hennar andre bok: «Det tredje minnet», som av forlaget blir skildra som ein «aktuell roman om det menneskelige i vår digitale tidsalder og hva som kan skje når en ny form for bevissthet trer inn i hjemmet ditt. [...] Med sin andre roman tar Eirin Betten tak i noen sentrale etiske problemer i forholdet mellom forbruker og teknologi – ikke minst setter hun søkelys på KI-teknologiens inntreden i våre liv.»

Bibliografi

  • Det tredje minnet, roman, 2024
  • Tiden vil ha et annet bilde, 2021

Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no

Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak

Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes