
Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
11. Spontansnakk med Maren Skolem
Korleis kjenst det å få si første bok i hendene? Maren Skolem er debutant, og delte på Instagram at ho hadde fått boka si heim. Eg ville gjerne vite korleis det kjendest der og då, og spurte spontant om ho ville stille til intervju. Det blei ho med på! Høyr korleis prosessen fram til endeleg bok har vore, om utfordringa med å finne ut om det skulle vere ei bok for vaksne eller for ungdom, kva ho har lært av å gå på skriveskule og kvifor ho tviler meir når ho skriv bok enn når ho skriv for film og tv.
Bøker av Maren Skolem:
- Hva jeg gjorde med pengene (2022)
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak