Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
15. Maria Alnæs: Fiksjonen som blei skremmande aktuell
I fjor (2021) debuterte Maria Alnæs med ein original roman om eit fiktivt land, ein autoritær stat som har gått til krig mot nabolandet sitt. Etter at Russland invaderte Ukraina i februar 2022, har romanen hennar blitt skremmande aktuell. Men boka handlar òg om så mykje meir, om eit kongerike og ein tenar, det å bli sett – og oversett, miste motet og få det igjen. Vi snakkar om korleis det var å skrive denne boka, om sensur, ytringsfridom, militæret i Russland og at vi aktivt må jobbe for toleranse. Dessutan fortel Maria at det kan vere både skummelt og fint å debutere med ei bok som ein har jobba i årevis med.
Bøker av Maria Alnæs:
- Tjeneren (2021)
Russiske journalistar nemnt i episoden:
Anna Politkovskaja som har skrive boka Putins Russland.
Aleksandr Solzjenitsyn (nobelprisvinner som skreiv om Gulag)
Arkadij Babtsjenko: https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/EaglGa/det-er-mulig-at-du-ikke-har-forstaatt-det-ennaa-men-russland-har-allere
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak