
Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
16. Randi Fuglehaug: Utopi å skrive ein heil roman
Randi Fuglehaug hadde eit ønske om å skrive ein roman for vaksne, men det verka umuleg. Det var eit forslag frå ein kollega som fekk henne til å forsøke på det som har blitt to av tre bøker i Vossa-trilogien om Agnes Tveit. Første boka i serien, var selt til utlandet allereie før ho kom ut.
Bøker av Randi Fuglehaug:
- Tonedød (2022)
- Fallesjuke (2020)
- Papelina (2017)
Dette er del 1 i ein serie på 3 delar. I neste episode vil du få vite meir om samarbeidet mellom Randi Fuglehaug og Anne Gunn Halvorsen i skrivinga av serien Halve kongeriket.
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak