Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
17. Å skrive saman med Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug
Dei ville skrive bøker som kunne slukast på same måte som ein tv-serie. Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug har skrive bokserien Halve kongeriket, som snart kjem på Netflix. Dei hata gruppearbeid på skulen, men i dette skrivesamarbeidet treng dei kvarandre og resultatet blir betre. Kva er eigentleg fordelen med å plotte saman? Og kva skjer om den eine vil ha med noko i boka, når den andre ikkje vil? Dei føler dei skriv i motvind, når dei skriv for ungdom og den finaste tilbakemeldinga dei får, er når ungdom seier dei ikkje klarer å legge boka frå seg.
Bøker i Halve kongeriket-serien:
- Audiens
- På tronen
- Drømmeprinsen
- Arvingen
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak