
Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
19. Tor-Håkon Gabriel Håvardsen: Å skrive grøsserbøker som terapi
Tor-Håkon Gabriel Håvardsen sendte inn sitt første manus som 17-åring, og tenkte at no blei det bok. Men vegen fram til å bli utgitt forfattar, blei lenger enn han såg for seg. No skriv han tjukke romanar på løpande band. Tor-Håkon fortel om erfaringane han gjorde seg etter at han sjølvpubliserte debutboka si, kva han har lært av å jobbe med redaktør og kva som trekker han til skrekksjangeren. Han svarer òg på om han får mareritt av sine eigne bøker.
Bøker av T. H. Håvardsen:
- 2017: Sannheten om Ivo Tilos Pelargonia – roman, Kolofon
- 2019: En seksti under – sakprosa, Pantagruel
- 2020: Galgedans : Mordene i Viktoriahavn 1 – spenningsroman, Pantagruel
- 2021: Viktoriahavn : Mordene i Viktoriahavn 2 – spenningsroman, Pantagruel
Følg Tor-Håkon på TikTok for mykje spanande innhald!
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak