Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
21. Skrivinga etter skriveskule. Sondre Midthun, Kirstine Reffstrup, Skjalg Wie Skare
Er det ei forventning at ein skal debutere etter å ha gått på skriveskule? Og korleis er det eigentleg med skrivedisiplin, kan ein lære seg det? I denne episoden fortel tre tidlegare skriveskulestudentar om skrivinga si. Vi får høyre meir om Sondre Midthun sin nyaste roman, En heldig løsning, om kvar Kirstine Reffstrup er i si skriving nett no og er det eigentleg naudsynt å skrive?
Kanskje er det muleg å få nok, etter fire samanhengande år på skriveskule? Skjalg Wie Skare gjekk frå Skrivekunstakademiet til Forfatterstudiet i Bø og vidare til to år på Litterär gestaltning i Göteborg. Korleis ser skrivinga hans ut i dag?
Bøker av Sondre Midthun:
- Kom aldri nærmere – roman, Cappelen Damm 2011
- Farvel til alt dét – roman, Cappelen Damm 2017
- En heldig løsning – roman, Cappelen Damm 2021
Bøker av Kirstine Reffstrup:
- Jeg, Unica – roman, Oktober 2016
Bøker/boksingel av Skjalg Wie Skare:
- Brev til sensor – Post forlag 2012
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak