Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
29. Kristina Leganger Iversen: Å skrive personleg sakprosa
Er det muleg å vite om du skal bli mor? Og er det muleg å vere mamma og forfattar med usikker økonomi?
Kristina Leganger Iversen har skrive boka «Bli mor no?» der ho utforskar dette spørsmålet. Ei bok som er basert på forskning, men òg eigne og personlege erfaringar. Korleis var det å skrive denne boka? Var det innimellom vanskeleg å være ærleg, og kvifor valde ho å skildre svært intime scener?
Kristina har òg fortid frå nettstader som dikt.no, diktkammeret og trafo.no, og vi kjem inn på kva desse har hatt å seie for skrivinga hennar.
Bøker av Kristina Leganger Iversen:
- 2011 – Hjartemekanikk – diktroman, Samlaget
- 2015 – I ringane – roman, Samlaget
- 2019 – Bli mor no? – sakprosa, Samlaget
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak