Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
22. Sunniva Relling Berg: Forfattaren bak podkasten (intervjua av Heidi Sævareid)
Etter å ha fått nokre spørsmål om ikkje eg óg kunne vere gjest (i eigen podkast), og Heidi Sævareid melde seg frivillig som intervjuer, er det no meg og mitt forfattarskap som er tema i denne episoden. Eg fortel om kvifor det blei podkast, om kva dette gjer med skrivinga mi og om bøkene mine. Dessutan må eg bryne meg på nokre av mine eigne spørsmål, noko som ikkje er berre lett.
Bøker av Sunniva Relling Berg:
- 2011 – Utfor
- 2013 – Beina i gitaren
- 2019 – Polarnatt
- 2021 – Lyden av to hender
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak