Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
24. Lars Petter Sveen: Når lysta til å snakke er større enn frykta for å stamme
Lars Petter Sveen prøvde å miste kontrollen i skrivinga av boka Kunsten å stamme. I boka skriv han om noko han knapt har turt å snakke høgt om tidlegare: Si eiga stamming. Det har blitt ei rørande og personleg bok, om angst, om å leve og om å tørre å miste kontrollen. I denne episoden fortel han om kva som fekk han til å starte skrivinga, at han ikkje forstår kvifor folk ønskjer å bli kjendis og korleis det var å få kommentarar frå redaktør på seg sjølv i bokform.
Bøker av Lars Petter Sveen:
- Køyre frå Fræna – noveller 2008
- Eg kjem tilbake – roman 2011
- Guds barn – roman 2014
- Fem stjerner – roman 2017
- Fem skuggar – roman 2018
- Nordriket – roman 2020
- Kunsten å stamme – uten at noen merker det – sakprosa 2022
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak