Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
30. Birgitte Wærstad: Sjølvpublisering utan snarvegar
Birgitte Wærstad bestemte seg for å gi ut si eiga bok, etter å ha fått ein veldig hyggeleg refusjon. For Birgitte blei det viktig å gjere boka god nok. Ho fortel om prosessen både før og etter boka kom ut, redaktørrundar og pilotlesarar, om å tørre å ta plass og tåle ekstremt mange nei.
Ho har fått mange signeringar, solgte ut heile førsteopplaget på fire månader og har store planar for Glimmersvippen og dei kommande bøkene i serien.
Bøker av Birgitte Wærstad:
- Glimmersvippen (2022)
Følg Birgitte Wærstad på Instagram.
—
Podkasten er støtta av Fritt ord og Norsk kulturfond.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak