Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
31. Nina Grove Hansen: Frilansredaktør
Nina Grove Hansen er frilansredaktør på fulltid, og jobbar direkte for forfattaren. Ho fortel om problema ho oftest ser i manusa ho får inn, kvifor dette er draumejobben nett no og kva rolla hennar er, når det er forfattaren sjølv som leiger inn tenestene hennar.
Ein lattermild og lærerik samtale med ein redaktør som visstnok er krevjande og krass, men entusiastisk og med ein stor lidenskap for faget sitt.
Bøker av Nina Grove Hansen:
- Uleggfrasegbar (2022)
Følg Manusdetektiven på Instagram.
—
Podkasten er støtta av Fritt ord og Norsk kulturfond.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak