Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
32. Debutant 2022: Eira Søyseth og Carl H. Berge
Eira Søyseth og Carl H. Berge har lenge arbeida med litteratur, med gjendiktning og som journalist. Dei har båe bakgrunn frå litteraturvitskap og Skrivekunstakademiet, og har jobba i mange år med bøkene sine.
Bøkene deira er svært ulike, og i denne episoden får du høyre kva dei liker med å skrive innanfor sin sjanger (poesi/prosa), kva som har vore den vondaste tilbakemeldinga dei har fått og kva dei frykta før boka kom ut.
Bøker av Eira Søyseth:
- Farget, flekket nå (2022)
Bøker av Carl H. Berge:
- Saltstøttens sønn (2022)
—
Podkasten er støtta av Fritt ord og Norsk kulturfond.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak