Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
33. Debutant 2022: Maren Skolem og Kirsti Kristoffersen
Dei har komme med bøker for ungdom frå musikkmiljø. Det er turné og kjendisar. Men der Kirsti Kristoffersens serie Kjendiskjæreste handlar om den første forelskinga og det å vere kjærast med ein kjendis, er grunntonen i Maren Skolems Hva jeg gjorde med pengene mørkare og meir alvorleg. Maren er òg manusforfattar, Kirsti har jobba i managementet til Marcus&Martinus, og no som manager i Gyldendal. Korleis er det eigentleg med trynefaktor i musikkbransjen vs bokbransjen? Korleis jobbar dei med dramaturgi, og kva er så fengande med å skildre musikkmiljøet?
Podkasten er støtta av Fritt Ord og Norsk kulturfond.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak