Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
37. Ingelin Westeren: Rom til å tenkje
Då Ingelin Westeren var i barselpermisjon frå jobben, fekk ho tid til å tenkje. Ho sa til folk at ho heldt på å skrive bok for å forplikte seg sjølv. Sjølve skrivinga var eit overskotsprosjekt, men redigeringsprosessen var verre. Det å faktisk gi ut bok, likte ho ikkje.
Bøker av Ingelin Westeren:
- Musikk for folk i trøbbel (Samlaget, 2022)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak