Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
38. Marit Kaldhol: Luksus med ein ny blyant
For Marit Kaldhol er skrivinga minst like viktig som å ete og gå tur. Då ho var ung, prata ho ikkje så mykje. Skrivinga blei ei sluse for å uttrykke seg. Ho har no vore forfattar i over 40 år. Bak seg har ho ein prislønna forfattarskap. Bøkene hennar er omsett til mange språk og ho er ein forfattar som ikkje er redd for å ta opp vanskelege og viktige tema.
Takk til Møre og Romsdal fylkeskommune for støtte!
Marit Kaldhol sine bøker:
- 1983: Lattermilde laken (diktsamling)
- 1985: Maria (roman)
- 1986: Farvel Rune (barnebok) – illustrert av Wenche Øyen
- 1988: Vi kan dele (barnebok) – illustrert av Ingri Egeberg
- 1991: Og låste med ein hengelås (barnebok) – illustrert av Dag Fyri
- 1993: Alt skal sjå ut som fløyel (diktsamling)
- 1993: Alle vi (novellesamling)
- 1995: På vegen står ei jente med kniv (barnebok) – illustrert av Anne Knutsdatter Wille
- 1997: I huda er gud ein munn : romanpoesi
- 1997: Ordet er ei bru (aktivitetshefte for ungdomsskolen) – om Tarjei Vesaas
- 1998: Frø (diktsamling)
- 1999: Har du peiling på fisk? (ungdomsbok)
- 2000: Likevel : dikt
- 2001: Ein augneblink, kanskje to (ungdomsbok)
- 2002: Stilk med to. Dikt for unge (diktsamling)
- 2002: Den tause rosa går forbi (diktsamling)
- 2004: Innbrotstjuven. Ni forteljinger om Peder
- 2005: Den einaste kjolen (diktsamling)
- 2005: Reisa til H. (barnebok) – illustrert av Justyna Nyka
- 2006: Blondene gir seg ikkje (roman)
- 2006: Kino (novellesamling/ungdomsbok)
- 2007: Ho som tror (dikt for ungdom)
- 2008: Stripekalven (barnebok) – illustrert av Justyna Nyka
- 2010: søkeord: ayotzintli (roman for ungdom)
- 2012: Darwins sporvar : roman
- 2014: Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz : roman (roman)
- 2015: Zweet (ungdomsroman)
- 2017: Z for sorry : roman (roman)
- 2018: Mjølketannmuseet (barnebok)
- 2021: Enno var dei kroppar (novellesamling)
- 2022: På ei trapp i universet (dikt for barn) – illustrert av Susanna Kajermo
Drama
- 1999: Vesle Wolfgang (hørespill) – for Barnetimen for de minste, NRK
- 2003: Fuglen flyg gjennom hjartet (drama for ungdom)
- 2005: Engel, pengel (drama for mindre barn)
Noveller
- 2008: «Mann med koffert»
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak