Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
40. Marianne Nelvik: Frå rotete tankar til vellykka Fantasy på eige forlag
Marianne Nelvik kjøpte rettane til si eiga bok, og starta sitt eige forlag: Varg forlag. Ho har no gitt ut to Fantasybøker i det som skal bli ein trilogi, og snart kjem første boka ut på engelsk. Ho har nådd ut til mange engasjerte lesarar og andreboka Heltedøden blei kjøpt inn av Kulturrådet, noko som er eit viktig kvalitetsstempel for ei sjølvpublisert bok.
Kva gjorde at ho turte å kjøpe rettane til si eiga bok, kvifor er desse bøkene så viktige for Marianne – og kva har vore det mest krevjande i prosessen med å gi ut bok sjølv? Alt dette og meir får du svar på i denne episoden av Skrivesnakk.
Bøker av Marianne Nelvik:
- Herskeren (2023)
- Heltedøden (2023)
(Dette er den lange versjonen av episoden, kortversjonen finn du på Skrivesnakk hos Sunnmørsposten.)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak