Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
42. Hilde Myklebust og Martin Baldysz: Har sitt eige vesle skrivekollektiv
Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet.
Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen Støylen står han bak 22 bøker i romanserien Brenninger.
Høyr meir om korleis froskeinteressa førte Hilde og Martin saman og mysteriet med Karen Støylen, i tillegg til innsikt både om skrivinga og gardslivet.
Bøkene til Hilde Myklebust:
- Berre dagar seinare, lyrikk, Samlaget (2005)
- Søkk, lyrikk, Samlaget (2008)
- Jon og den lange julenatta, barnebok, Samlaget (2009)
- Glødepunkt, roman, Samlaget (2011)
- Du skal dele namn med ein sjeldan fugl, lyrikk, TUR forlag (2012)
- Bjørkebokstavar, barnebok, Samlaget (2015)
- Kvar ein fugl, lyrikk, Samlaget (2018)
- Ylva og villgeitene, barnebok, Samlaget (2020)
- Splintra, ungdomsbok, Samlaget (2022)
Bøkene til Martin Baldysz
- Vintertrang, roman, MARGbok (2013)
- Vardane, roman, Samlaget (2020)
- Fallgard, roman, Samlaget (2024)
Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak