Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
43. Martin Baldysz: Romansjangeren gir fridom til å jobbe slik du vil
I sin nyaste roman, Fallgard, skriv Martin Baldysz om Ingeborg som lengtar ut forbi fallgarden. Ho står på terskelen til vaksenlivet i eit lukka øysamfunn på starten av 60-talet. Trusselen om fråflytting lurar i bakgrunnen, og i Amerika har dei planar om å dra til månen.
I denne episoden, som er ei slags forlenging av episode 42, får du høyre meir om Martin sin nyaste roman, korleis det har vore å skrive 22 serieromanar under pseudonymet Karen Støylen og vegen til å bli forfattar.
Martin sine bøker:
Fallgard (2024)
Vardane (2022)
Vintertrang (2013)
Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak