Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
44. Heidi Sævareid: Skriv om unntaksopplevingar
Heidi Sævareid er ein kritikarrost og prisløna forfattar, som gjerne vil kjenne på kroppen, det ho skriv om.
I si nyaste bok utforskar ho eit destruktivt yogamiljø, gjennom tre vennar som er på roadtrip i USA. Ho starta karriera med ungdomsbøker, men er usikker på om ho vil skrive for ungdom igjen, fordi ho det er forstyrrande at ein heile tida må forsvare kvifor ein skriv ungdomsbøker.
Hennar første roman for vaksne, Longyearbyen, fekk svært gode kritikkar og har blitt omsett til mange språk.
Bøker av Heidi Sævareid:
- Spranget – roman, Omnipax (2013)
- Slipp hold – ungdomsroman, Mangschou forlag (2015)
- Slagside – ungdomsroman, Gyldendal (2016)
- Bruddlinjer – ungdomsroman, Gyldendal (2017)
- Life in the U.K – roman, Flamme (2018)
- Longyearbyen – roman, Gyldendal (2020)
- XR UK – ungdomsroman, Flamme (2021)
- Positurene – roman, Flamme (2021)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak