Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
45. Charlotte Riise: Å sette ord på ei umogleg erfaring
Då Charlotte Riise kom med si første diktsamling, i 2012, laga NRK P3 dokumentar om henne. Tittelen var «Jeg burde sprudle over» og handla om det å debutere som forfattar, i spennet mellom lykkerusen ein forventar rundt debuten og det å leve med depresjon. Sjølv om ho var redd for å bli slakta, fekk ho strålande kritikkar, det gjorde òg diktsamlinga som kom året etter.
No har det gått ti år sidan hennar førre bok, og ho har nettopp sendt inn korrektur til ny bok. Korleis har desse ti åra vore? Kva ønskjer Charlotte Riise å oppnå med skrivinga si? Og korleis er det no å sjå tilbake på seg sjølv som 24-årig forfattardebutant? Det blir også snakk om det å gå frå å skrive songar på engelsk til dikt på nynorsk, litteraturmiljø i Ålesund vs Bergen og kva den viktigaste oppgåva til ein lærar er.
Bibliografi:
- Eg treng tid til å sakna deg, lyrikk, Gyldendal (2012)
- Der vi gøymer løyndommar, lyrikk, Gyldendal (2014)
Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak