
Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
3. Kaja Kvernbakken: Å skrive frå inne i kroppen, dodikt og sinne
Kaja Kvernbakken har gått inn i kroppen til Elly. Elly er ein fotograf som mister synet i ei dramatisk ulykke. Korleis skrive frå innsida av nokon som blir blind, når du sjølv kan sjå?
Kaja held skrivekurs og har oppretta skrivefellesskapet Skriveriet. Ho snakkar om kvifor det aldri er for tidleg – eller for seint – å følgje draumen sin, og vegen fram til ho sjølv blei ein publisert forfattar.
Bøker av Kaja Kvernbakken:
- Lukta av klor (2019)
- Motlys (2021)
Følg Kaja Kvernbakken på Instagram.
Finn ut meir om skrivekurs og fredagsbrev på heimesida til Kaja.
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak