
Skrivesnakk
Aktuelle forfattarar snakkar om skrivinga si. Korleis skriv dei, kvifor skriv dei, kva skriv dei – og det som elles måtte dukke opp.
I dei nyaste episodane undersøker Sunniva Relling Berg korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.
Kom gjerne med innspill og tips: skrivesnakk@gmail.com.
Sunniva Relling Berg skriv bøker for barn, ungdom og vaksne på Samlaget og Gyldendal forlag. Ho har lang erfaring med litteraturformidling, m.a. som bokbadar på Norsk litteraturfestival, Litteraturhuset i Bergen og Ålesund litteraturfestival.
Skrivesnakk
6. Kathrine Nedrejord: Jakta på eit språk for det vonde
Korleis finne språket igjen etter ei dramatisk hending? Kathrine Nedrejord opplevde det som heilt nødvendig å skrive etter ei overfallsvoldtekt. I Forvandlinga (2018) skildrar ho tida like etter overfallet. Ti år tidlegare debuterte Nedrejord som forfattar med boka Transitt (2008) og ho har skrive kritikarroste og prisbelønte bøker i fleire sjangrar.
I ungdomsbøkene hennar, er handlinga ofte lagt til Finnmark og ho skriv frå innsida av miljø som sjeldan har vore skildra tidlegare. I boka Det Sara skjuler handlar det m.a. om ei voldtekt i Karasjok, og sjølv om historia er oppdikta, er statistikken for overgrep i Karasjok dyster.
I Lappjævel skriv ho om den unge guten Sammol som må på internat, og ho viser kor vond og skadeleg fornorskingspolitikken har vore.
Bøker av Kathrine Nedrejord:
- 2010: Transitt – roman, Oktober forlag
- 2014: Trengsel – roman, Oktober
- 2016: Hvem er jeg når du blir borte? – ungdomsroman, Aschehoug
- 2018: Forvandlinga – roman, Oktober
- 2018: Slepp meg – ungdomsroman, Aschehoug
- 2019: Det Sara skjuler – ungdomsroman, Aschehoug
- 2020: Lappjævel! – ungdomsroman, Aschehoug
- 2021: Det finnes ingen sannhet – ungdomsroman, Aschehoug
- 2021: Flukta til Finnmark : 1800-talet – sakprosa, Samlaget
—
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarb
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: skrivesnakk@gmail.com
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak